Restaurant Sagafjord

18.00-21.00 (3-retters middag)

Maten ved Sagafjord Hotel tek utgangspunkt i det beste av norske råvarer, presentert gjennom enkle og klassiske tilberedningsmetodar. Vi nyttar fisk frå lokale leverandørar langs kysten av Møre og Romsdal. Kjøtet som vi serverer blir levert av slakteria i nærområdet, i tillegg handlar vi direkte frå mindre produsentar og bønder. Til baking av våre surdeigsbrød brukar vi mjøl frå Mylna i Volda. Vi gler oss til å kunne servere dykk eit godt måltid i avslappa omgjevnader, med godt vertskap.

 

 

Menyen servert på steinplate

Lunsjmeny

For forhåndsbestilte grupper

Nyt ein velsmakande lunsj med fjord og fjell som kulisse. Sagafjord Hotel inviterer førehandsbestilte grupper til avslappa matopplevingar på terrassen eller inne i restauranten – med råvarer henta frå naturen og årstida på Sunnmøre. Her får de servert lette rettar, klassiske favorittar og dagens anbefaling frå kjøkenet.

Kombiner god mat med frisk fjordluft og utsikt mot majestetiske Sunnmørsalpar – ein perfekt pause på turen.

MENY

Baren

Her kan du nyte eit breitt utval av forfriskingar i hyggelege omgjevnader. Enten du ønskjer noko kaldt i glaset etter ein aktiv dag, eller vil lene deg tilbake og ta inn utsikta, legg baren til rette for gode pausar og trivelege stunder. Atmosfæren er lun og uformell – perfekt for ein prat, ei pust i bakken eller ei roleg kveld med vener eller kollegaer.

Hotellets bar er elegant innredet